Smittevern på biblioteket

Kva kan kan du gjere på biblioteket?

 

  • Du må låne og levere materiale på automatane for utlån.
  • Ein kan bruke PC for publikum, og skrive ut og kopiere som vanleg.
  • Vi ber om at du betalar purringar, kopi og print med vipps.
  • Meirope er tilgjengeleg på Hovudbiblioteket kvar dag 7-21.
  • Booke grupperom
  • Lesesal er ope på Hovudbiblioteket
  • Du kan lese avisar og tidsskrift
  • Barnehagar, skule og institusjon kan bestille bokkasser og bibliotekbesøk på e-post.

 

Kva er stengt?

  • Playstation
  • Sjølvbetent i Eikelandsosen
  • Betente opningstidar er redusert til personalet er fulltallig.

 

Smittevern

  • Automatar for utlån og innlevering skal nyttast, personalet tar ikkje i mot bøker i skranken. Det vil seie at ein må ha med seg lånekortet sitt, og nytte pinkode. Dersom ein manglar pinkode eller kort, vil den tilsette i skranken hjelpe med å lage eit nytt kort eller pin-kode. Hugs å ta med legitimasjon.
  • Bruk handsprit når du besøker biblioteket. Dette vil vere tilgjengeleg fleire stader i biblioteket.
  • Hald avstand til medlånarar og tilsette i bibliotekrommet.
  • Følg gjeldande smittevernregler og oppmerkingar i bibliotekrommet.
  • Sjuke personar skal ikkje opphalde seg i biblioteket, dette gjeld tilsette og besøkande. Dersom tilsette er sjuke, vil tenesta bli vurdert stengt.
  • Biblioteket er merka med avstandstape, pleksiglass mellom tilsette og besøkande og plakatar med regler, rutinar og god hygiene er hengt opp.
  • Folkehelseinstituttet vurderer at risiko for indirekte smitte frå bøker er låg, og at tiltak som å vaske eller sette bøker i karantene ikkje er naudsynt. Derfor vil dei tilsette handtere materiale som normalt, og halde god handhygiene mellom kvar gong ein skal ta i bibliotekmateriale og før ein startar med ein annan oppgåve.

 

 

Skal du ha møte eller gruppearbeid?

 

Vi har 2 møterom med plass til max 5 eller 9 personar.

  • Det skal vere 2 meter mellom kvar person.
  • Trenger du rom til fleire deltakarar, må du avtale bruk av sjølve bibliotekrommet.

 

Hugs å skrive liste over alle som er til stades.

  • Du må kunne dokumentere (med fullt namn, telefonnr. og dato)
    kven som har vore på møtet, i tilfelle smitte.
  • Gi gjerne ein kopi av lista til biblioteket.

 

Det er ikkje lov å flytte om på bord og stolar!

  • Hald god avstand – også på veg inn og ut av møterommet.

 

Når du er ferdig med møtet, må du sprite og vaske
bord, stolar og dørhandtak – alle kontaktflatar.

  • Du finn desinfeksjonsmiddel (LifeClean) og tørkepapir
    på bord inntil veggen bak skranken.

 

Hald deg heime om du er sjuk,
og vask hendene!

                                                                                          


Skal du bruke lesesalen?

 

Lesesalen har plass til max 10 personar.

  • Det skal vere 2 meter mellom kvar person, og bare ein ved kvart bord.

 

Du må bruke nøkkelkortet for å komme inn.

  • Då blir det mogleg å spore kven som har vore på lesesalen i eit bestemt tidsrom, og raskt varsle om mogleg smittefare. Døra mellom biblioteket
    og lesesalen vil vere stengt så lenge Covid-19-pandemien pågår.

 

Det er ikkje lov å flytte om på bord og stolar!

  • Hald god avstand – også på veg inn og ut av lesesalen.

 

Du må sprite og vaske bordet og stolen du har brukt, når du er ferdig for dagen.

  • Du finn desinfeksjonsmiddel (LifeClean) og tørkepapir
    på bord på lesesalen.

 

Hald deg heime om du er sjuk,
og vask hendene!

 

Følg med på nettstaden til Bjørnafjorden kommune og les smittevernveileder for bibliotek.

                                                                                          

 

Søk

Språkvelger