e747ce0c-4174-4fc7-9660-1dfc85263327
Johannes Heggland : dokumentarist og forteljar : nærblikk på eit forfattarliv (1919-2008)
Johannes Heggland : dokumentarist og forteljar : nærblikk på eit forfattarliv (1919-2008)
Forfattar: Drange, Ernst Berge
Utgivingsår: 2021
Språk: Nynorsk
Medietype Bok
Kategori: Faglitteratur
Utgivar: John Grieg forlag
ISBN: 9788253303871
Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering Gi vurdering
Beskriving:
Johannes Heggland er kjent for store og viktige bokseriar i norsk litteratur gjennom over 60 år, for sine historiske barnebøker, for stor suksess med historiske spel, og som bygdebokforfattar. I to periodar var han ordførar i heimkommunen sin, Tysnes. Åra 1982-85 var han formann i Den norske Forfatterforening, då utropt som «frelsaren» i det som hadde vore ei turbulent tid i foreininga. Forfattarskapet byrja i 1941 med ein tetralogi (1941-48), der han med første boka, Folk under fjell, vart geni-forklart. Meldarar spurde seg om debutanten var den nye stormeisteren i nynorsk romankunst. Biografien drøftar mellom anna det å gje ut bøker under krigen og fortel korleis Heggland avslo tilbod frå okkupasjonsmakta om å gje ut bøker for det nye, store tyske riket. Etter blant anna å ha skrive 20 barnebøker på 1960-talet, og fått ei mengd med prisar for desse - dette var bøker som òg for ein del gjekk som høyrespel i radioen - kom det på 1980-talet tre nye bokseriar. Den første var Brødet frå havet, serien om Anna Gyria, kvinna som fenga folk over heile kongeriket. Heggland avslutta forfattarskapet sitt med 6 bøker i serien Tusen vårar, der den siste kom ut etter at han var død, 88 år gamal. Planen var å ta for seg det siste tusenåret i 10 bøker. Til saman vart det i forfattarskapet skrive 64 bøker gjennom 67 år. Dei mange historiske spela Heggland skreiv vart ein stor suksess, og særleg kring tusenårsskiftet, då fem spel om kristningskongen Håkon den gode vart spela på ulike stader på Vestlandet. Særleg stor suksess hadde han med Mostraspelet (Bømlo), som over 31 år vart spela for meir enn 100 000 tilskodarar. Etter Stiklestadspelet var dette då det mest kjende historiske spelet i fedrelandet. I løpet av forfattarskapet fekk han mange prisar. Rett før han fylte 86 år vart han slegen til riddar av 1. klasse av Den kongelege St. Olavs Orden. Det var eit par veker før 86-årsdagen hans

Tilgjengeleg hos:

Loading...

Søk

Språkvelger