Slik handtera vi personopplysningar

Din personlege integritet er viktig. Slik handtera vi dine personopplysningar.

Personvern og sikkerhet er viktig for oss. Bjørnafjorden kommune er opptatt av å beskytte dine personopplysningar. Sidan 25. mai 2018 har vi fulgt den nye personopplysningsloven - også kalt GDPR - som gjeld for alle kommunane i EØS-området.

Kommunar og firma har berre lov å behandla personopplysningar om deg dersom eit av følgjande vilkår er oppfylt:

  • det er krav om det i ei lov eller forskrift
  • kommunen skal sikre ein rettighet du har
  • du har gitt klart samtykke til det

Når kommunen behandlar personopplysningar, skal du (den registrerte) alltid få vite korleis data som behandlast, kva opplysningane brukast til, og når opplysningane blir sletta. Det betyr blant anna at du har rett til

  • at bruken av dine personopplysningar blir begrensa mest mogleg
  • å få innsyn i korleis personopplysningar som behandlast om deg innan 30 arbeidsdager
  • å korrigere opplysningar om dei ikkje er korrekte
  • å protestere mot behandlinga (viss formålet er å markedsføre tjenester)

Datatilsynet gjennomgår dine rettigheter

Viss du vil klage over noko som gjeld behandlinga av dine personopplysningar, kan du henvende deg til kommunens personvernombud, eller du kan klage til Datatilsynet.

Språkvelger