Vanlege spørsmål

Her finn du ei liste med ofte stilte spørsmål. Når du klikkar på spørsmålet, kjem det fram ei kort forklaring. 

Lånekort på biblioteket er gratis. Det første du må gjera, er å fylla ut søknadsskjemaet om lånekort her på nettsida. For å få lånekortet utlevert, må du koma innom ein av filialane våre og legitimera deg.

Du loggar inn med personnummer eller lånekortnummer + den firesiffra PIN-koden din. Lånekortnummeret finn du på lånekortet ditt. Hugs å tasta inn lånekortnummeret utan mellomrom når du skal logga inn.

Du kan bruka funksjonen "gløymd pin-kode".

Du kan òg koma innom biblioteket og få hjelp til å endra pinkoden. Hugs å ta med deg legitimasjon!

Søk

Språkvelger