Meirope bibliotek

Meirope bibliotek

Velkommen som brukar av Bjørnafjorden bibliotek sitt meirope-tilbod! Meirope bibliotek betyr rett og slett at du kan bruka biblioteket også før og etter opningstid.


Ved å signera kontrakt får du som er over 18 år tilgang til biblioteket frå klokka 07.00 til 22.00 kvar einaste dag heile året.
Kom innom oss på hovudbiblioteket og signer kontrakt.

Kva kan du gjera på meirope bibliotek?
Du kan

  • låna 
  • levera 
  • fornya lån
  • nytta lokala 
  • henta reserverte bøker.

     

Hugs at biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vera til glede og nytte for alle.


For å oppgradera lånekortet ditt til eit nøkkelkort for meirope bibliotek må du:

  • ta ansvar for dei du eventuelt tek med deg inn på biblioteket som t.d. barna dine.
  • ta vare på biblioteket ditt.
  • halda ro og orden. Bruk bosspanna!
  • ikkje vera til bry for andre.
  • retta deg etter dei låne- og ordensreglane som gjeld til ei kvar tid.


Du er ansvarleg for nøkkelkortet (lånekortet) ditt og korleis det blir brukt. Kontrakten er personleg og du kan ikkje låna bort tilgangen din til andre. Brot på kontrakten kan føra til at du mistar tilgangen til meirope bibliotek.

Biblioteklokala er videoovervaka. Overvakinga er av omsyn for din eigen tryggleik, og for å beskytta biblioteket sitt inventar og utstyr. Hærverk blir politimeldt. Opphald i det meiropne biblioteket skjer på eige ansvar.

 

Søk

Språkvelger