UngLes for deg mellom 13 og 16 år!
Bli med på leseutfordringa vår og vinn gåvekort til Outland. UngLes byrjar 1. juni og sluttar 31. august.
UngLes er leseutfordinga vår til deg mellom 13 og 16 år!
For kvar «boks» du kryssar av i lesinga, får du eit lodd til premietrekkinga av gåvekort til Outland.
Du kan anten bruka eit fysisk lesekort, eller du kan registrera bøkene du har lese enkeltvis på nettsida.
Registrer bøkene du har lese her
Leseutfordringa byrjar 1. juni og sluttar 31. august.
Frist for innlevering av fysisk skjema er laurdag 2. september. Du må levera skjemaet i skranken på biblioteket.
Vi trekk vinnarane av gåvekorta måndag 4. september.
Du finn papirskjema i biblioteket frå 1. juni.
God sommar! :)