Sommarles byrjar 1. juni!

Sommarles byrjar 1. juni!

Frå 1. juni til 31. august kan dei som skal byrje i 1. klasse, og opp til dei som sluttar i 7. klasse, delta på Sommarles.

Sommarles:
 

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje der deltakarane kan registrera bøker, få lesetips, løyse oppgåver og følgje med på kva venene les på nettsida Sommarles.no.

Målet er å oppmuntre born til å lese mest mogleg i løpet av sommarferien!

Sommarles varer frå 1. juni til 31. august. Sommarles er for dei som skal byrje i 1. klasse, og opp til dei som sluttar i 7. klasse.

 

Slik fungerer Sommarles.no:

  • Borna opprettar ein eigen profil på Sommarles.no (med føresette si godkjenning).
    Her registrerer dei alle bøker dei les gjennom sommaren, og får poeng for dei leste sider.
     
  • Undervegs får dei digitale trofear, og etter kvart har dei samla nok poeng (XP) til å få fysiske premiar. Desse kan hentast hos oss i biblioteket.

Borna får beskjed på profilen sin når dei kan henta ut ein ny premie på level 10, 20 og 30. På Bjørnafjorden bibliotek deler vi òg ut premier på level 40 og 50 (Nb. Systemet gjer ikkje beskjed om desse premiane).

  • På Sommarles.no kan borna lesa ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve.
    Nye kapitalar blir tilgjengeleg på Sommerles.no gjennom sommaren, både som lydbok og som e-bok.
     
  • Kvar måndag/tysdag blir det hengt opp ei lapp med vekas kodeord ein plass i biblioteket. Deltakarane kan registrera kodeorda på Sommarles.no og få tildelt fleir XP-poeng.
     

Laurdag 27. august blir det Sommarles-fest på biblioteka i Eikelandsosen og i Os. Vi vil leggje ut meir informasjon over sommaren.

 

Nyttige lenkjer i forbindelse med Sommarles:

Sommarles si nettside: Sommarles.no

Her finn du svar på dei fleste spørsmål om Sommarles: Alt om Sommerles

Bjørnafjorden si eiga informasjonsvideo om Sommarles: Sommarles-info 2022 - YouTube

Lesetips på nynorsk: Boktips frå Nynorsksenteret

 

Ta gjerne kontakt med oss på biblioteket om du har spørsmål 😊

 

Søk

Språkvelger