Sommarles byrjar 1. juni!

Sommarles byrjar 1. juni!

Frå 1. juni til og med 31. august kan alle som går (eller byrjar) i 1. til 7. klasse registrere alt dei les på Sommarles.no og få premiar på biblioteket.

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av biblioteka, der målet er å få barn i 1.-7. klasse til å lesa mest mogleg i løpet av ferien!

Sommarles har fokus på leseglede, og målet med kampanjen er å halda lesenivået og leselysta oppe gjennom sommaren.

Dei som byrjar i 1. klasse etter ferien, og dei som sluttar i 7. klasse kan óg bli med.

Sommarles varer frå 1. juni til 31. august kvart år.

For kvar bok barna les og registrerer på nettsida Sommarles.no, samlar dei poeng, og etter kvart går dei opp i level.

Dette får dei digitale trofé for, og fysiske premiar som dei kan henta på biblioteket.

Kvar veke vil vi henge opp vekas kodeord ei plass i barneavdelingen i biblioteket.

 

For å bli med på Sommarles, må ein føresett oppretta brukar saman med barnet på Sommarles.no, om de ikkje får det til, kan vi hjelpa med å oprette brukar på biblioteket.
 

Nyttige lenker: 

Direkte lenke til Sommarles sin nettside: Sommarles.no 
Spørsmål og svar om Sommarles: For foresatte (sommerles.no)
 

Biblioteket sin YouTube-kanal:

Vi har også lagt ut ein egen videosnutt på ca. 5 min. frå biblioteket, der vi presenterer årets tema, viser frem premiane, og svarer på dei seks vanlegaste spørsmåla om Sommarles (ein oppdatert versjon av filmen frå i fjor).

Bjørnafjorden bibliotek på YouTube: Bjørnafjorden Bibliotek - YouTube

Om de har barn lesevanskar, finst det mykje god og tilrettelagt litteratur å få tak i gjennom NLB (om de ikkje bruker det frå før).
Lenke finn du her: Tilbudet vårt - NLB og Bli med på Sommerles 2023 - NLB

Spør oss gjerne på biblioteket om du lurer på noko, eller treng hjelp med Sommarles :)

Søk

Språkvelger