Smittevern på biblioteket
Hugs munnbind dersom du ikkje kan halda ein meter avstand til medlånarar og tilsette! Takk for at du tar omsyn.
Hovudbiblioteket og filialen i Eikelandsosen held ope. Her på nettsida og på Facebook-sida vår finn du oppdaterte opningstider.
På Hovudbiblioteket kan vi dessverre ikkje tilby meirope bibliotek enno. Lesesalen er open i biblioteket si opningstid.
Hugs å sprita hendene, og bruka munnbind dersom det er uråd å halda ein meter avstand til andre lånarar og tilsette.
I skjemaet som du finn her, kan du registrera besøket ditt i biblioteket. Opplysningane blir berre brukt til ei eventuell smittesporing, og blir automatisk sletta etter ti dagar.
Velkommen til eit trygt og triveleg besøk på biblioteket!