No kan du levera biblioteksbøker i Fjord'n Senter

No kan du levera biblioteksbøker i Fjord'n Senter

Når du ikkje å levera bøkene i opningstida til biblioteket? Ingen fare. Du kan legga dei i innleveringskassen ved heisen, så hentar vi dei der og registrerer dei som innlevert.

Like ved heisen i Fjord'n Senter står det no ein splitter ny innleveringskasse. Dermed kan du levera låna dine så lenge senteret er ope.  

 

Dersom du vil fornya låna dine, kan du gå inn på bjornafjordenbibliotek.no. Øvst i høgre hjørne på startsida står det "Logg inn". Du loggar inn med lånarnummer (heile talet som står under strekkoden på lånekortet, begynner med N) og den firesifra pinkoden din.  

 

For å låna fleire bøker må du framleis koma i opningstida.  

 

 

Søk

Språkvelger