LÅN- DYRK-SANK-LEVÈR.

LÅN- DYRK-SANK-LEVÈR.

Bidra til frøbiblioteket ved å levera inn årsferske frø i biblioteket i Eikelandsosen i haust. Då kan frøene bli lånt ut neste år.

Frøbibliotek:

Frøbiblioteket er eit samarbeid mellom Fusa hagelag og Bjørnafjorden bibliotek i Eikelandsosen.
Tanken med frøbiblioteket er at alle som låner frø om vinteren/våren, bidrar til å vidareføra tilbodet ved å levera tilbake årsferske frø om hausten - som igjen blir lånt ut neste år (LÅN- DYRK-SANK-LEVÈR).


Det er tid for å begynna å samla frø frå plantene i hagen din.

1. Samla frø

2. Leggja dei t.d. i eit kaffifilter

3. Skriva plantenamn og årstal på posen

Planen er å opna frøbiblioteket for utlån i Eikelandsosen våren 2024.


Praktisk om frøbiblioteket:

• Ordninga er tillitsbasert og frøa du hentar, treng ikkje å registrerast, men me er avhengig av å få inn igjen frø for å ha eit like godt tilbod neste år.

• Du kan maksimalt låna 5 frøposar per husstand per besøk på biblioteket.

• Du kan berre låna 1 pose av kvar frøtype per besøk.
• Når du skal levera tilbake frø, kan du gjenbruka posen frøa kom i, eller komma med frøa i eit kaffefilter.

Desse kan leverast i skranken, eller i skuffa merka «Tilbakeleverte frø». Hugs å merka posen med plantenamn og årstal!

 

 

Søk

Språkvelger