Litteraturfestival i biblioteket 17.-19. november!

Litteraturfestival i biblioteket 17.-19. november!

Kven er du? Identitet er fellesnemnaren for forfattarmøte, foredrag og bokprat i hovudbiblioteket. Torsdag og fredag er det program for dei vaksne, laurdag er det barna sin tur. Inviter med deg alle du kjenner!

Hender det du spør deg sjølv "kven er eg, eigentleg"? Eller har du opplevd at andre trur dei veit noko om deg basert på korleis du ser ut, kvar du er oppvaksen, val du har tatt, namnet ditt, korleis du kler deg, snakkar eller går? Identiteten din kan vera knytt til kvar du kjem frå, korleis du definerer deg sjølv, kven du elskar, korleis andre ser deg og korleis du ønskjer å bli sett.

Kva formar identitet? Kan du fritt vera deg sjølv, eller set samfunnet grenser? Kan litteraturen hjelpa oss å finna svar på kven vi er? 

Bli med på foredrag med Hanne Marie Johansen, forfattarsamtalar med Anita Østerbø og Brynjulf Jung Tjønn og bokprat med bibliotekarane. Nye perspektiv ventar i biblioteket!

Alle arrangementa er gratis. Programmet finn du her.

Laurdag 19. november er barna sin festivaldag. Eventyryoga med Nicoline og teikneverkstad med Oda Valle har begrensa plass og obligatorisk påmelding. Ingen grunn til å venta!

Søk

Språkvelger